Vi byggjer eit mangfold av moderne leiligheiter med spennande arkitektur, og fornyar samtidig ærverdige Park Hotel Vossevangen frå loft til kjellar.
Leiligheitene gjev deg ikkje berre tilgang til alle service- og fritidstilboda som Voss tilbyr, men og muligheit for fleire av dei flotte servicetilboda hotellet er kjent for. Herfrå får du det beste på Voss. På alle kantar.
Hotellet vil få eit luksuriøst preg og leiligheitene får fleire av hotellet sine servicetilbod.
Aldri eit kjedeleg øyeblikk på Voss!
Gourmetopplevingar
Elysée, restauranten i Park Hotel Vossevangen har ein av verdas beste vinsamlingar og byr på eit internasjonalt kjøkken basert på lokale råvarer.
Rett til topps
Gondolen bruker mindre enn 10 minuttar opp på Hangurstoppen der alpinanlegget starter. Om sommaren er toppen også utgangspunkt for mange flotte fjellturar.
Sommeraktivitetar
Voss er eit eldorado for sommar aktivitetar. Det er mange godt tilrettelagde turvegar og turstiar. Eit godt utgangpunkt for landevegs- eller stisykling, eller golf for å nemna nokre av dei.
Landets beste vinliste
Den prisbelønte vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen er heilt unik med sine 47.000 flasker. Nærleik til eit av verdas største og beste vinkart er draumen til einkvar vin-entusiast.
Kultur i verdsklasse
Vossajazz har i over 50 år vore ein møteplass for nyskapning og tradisjonar og tiltrekkjer seg verdskjende artistnamn. Saman med Osafestivalen trekkjer dei publikum i tusentall frå inn- og utland.
Ekstremsportveko
Mange kjenner til VEKO som er den største ekstremsportfestivalen i verda. I over 20 år har deltakarane frå heile verda kjempa mot kvarandre i så godt som alle greiner innanfor ekstremsport. VEKO tilbyr og aktivitetar for folk flest og har konsertar over fleire kveldar under festivalen.
Skiparadis
Voss har lange og sterke ski-tradisjonar. Tur-langrennsløyper, 13 skiheisar med over 20 nedfartar for alpint og snowboard og park for freestyle. Topografien er også godt tilrettelagt for randonée og topptur. Alt det morosame du kan gjera på snø er det lagt tilrette for.
Prøva noko heilt nytt?
I tillegg til alle ski- og turmuligheitene på Voss, kan du velgje blant eit vell av andre sterke og ekte opplevingar. Vindtunnel, fallskjerm, paragliding, klatrepark, rafting og heisbasert sykling er berre noko av det som får adrenalinet til å pumpe.
Til topps
For deg som likar randonée eller topptur, er det merka opp ein eigen randotrase frå Bavallen, via Tråstølen og til Hangurstoppen. Løypa går trygt utanfor nedfarten og er på om lag 5 km.